top of page
bakgrunn1
I ei tid av kjappe løysingar lønnar det seg å snakka grundig om ting...

Psykoanalytisk psykoterapi er ei behandlingsform som tek seg tid til å vera grundig. I motsetjing til dagens kjappe løysingar. Den gjev rom for å utforska seg sjølv, verte kjend med seg, også med dei vanskelege sidene. Dette krev tid og uthald og ein trygg støttespelar. 

Det er ein veg ein skal gå saman.

Info

5AE83DBC-18EE-4ED2-9442-47AA22E84E9D.jpg
Florian Johannes Richarts
Psykolog,
Spesialist i psykoterapi

Florian Johannes Richarts er psykologspesialist og utdanna ved universitetet i Köln, Tyskland i 2012. Han er medlem i Norsk Psykologforening (NPF) og har vidareutdanning i psykoanalytisk psykoterapi ved Institutt for Psykoterapi, Oslo. Han har kompetanse både frå vaksenpsykiatri, rusfeltet og arbeid med barn, ungdom og familier.

Florian held til i Bergen og tilbyr psykologtenester både på norsk, engelsk og tysk, som er hans morsmål.

Han har erfaring i arbeid med depresjon, angst, vansker med selvverdi, kriser, samlivsproblem, familieproblem, ruslidelser, maskulinitet, manndom og maskulin identitet, relasjonelle vansker, vansker ift seksualitet, kjønn og kjønnsidentitet.

Frå august 2024 vil praksisen flytta til Aachen, Tyskland

Psykoanalyse og psykoterapi

Om psykoanalytisk psykoterapi

Psykoanalytisk psykoterapi er ei behandling som baserer seg på jamlege samtalar mellom pasient og terapeut. Samarbeidet utforskar her ukjente sider av pasientens indre liv, som kan koma til uttrykk i form av psykiske plagar eller symptom. Ein ynskjer å oppdaga, forstå og gjennomarbeida kjensler, fantasiar og opplevingar frå tidlegare og noverande relasjonar i livet. 

I terapitimane vil terapeuten lytta veldig nøye til det som pasienten fortel. Også  tilsynelatande ubetydelege ting kan ofte bæra uoppdaga meining i seg. Difor er det viktig at pasienten fortel det som dukkar opp i sitt indre, når det dukkar opp under samtalen. Denne prosessen vil gradvis kasta lys på pasientens situasjon og det vil koma opp ubevisst innhald som kan utvida forståing av den eigne situasjonen og som vil føra til ei gradvis endring. Arbeidet baserer seg i mindre grad på direkte råd, øvingar eller handlingsplanar. Terapeuten er heller oppteken av å gjera mogleg for pasienten å koma fram til sine eigne løysingar for den individuelle situasjonen.

Meir informasjon finn du her: Institutt for Psykoterapi

Andre tenester

Vegleiing

Florian Johannes Richarts tilbyr også vegleiing for kollegaer og anna helsepersonell. Vegleiing kan føregå individuelt eller i gruppe.

 

Timepris etter avtale 

Praktisk informasjon

Timar på kontor eller video/telefon

Eg tilbyr samtalar både på mitt kontor i Bergen sentrum, eller på telefon eller video. 

Kostnadar og honorar

Standard pris per time for privat betalande pasientar er 1500,- kr per time, om ikkje anna er avtalt. Dette gjeld også video- eller telefonsamtalar.

Honorar for vegleiing etter avtale.

 

Ta kontakt for timeavtale.

Avbod

Det er best for begge partane å gje melding om avbod snarast mogleg. Det vert venta at melding om avbod når psykologen seinast to virkedag før timen. Ved seinare avbod vert timen fakturert i sin heilskap.

bottom of page